Så hadde me igjen gleda av å kunne gå på generalforsamling for Huglabutikken A/S! Godt frammøte, men så var det ein gledens dag: Reknskapen synte for 2012 eit overskot på over 86.976,- kroner, så neste år er nok aksjekapitalen, som no er på 476.000,-, gjenvunne. Takk til Wenche for god drift! Styret fekk tillating til, om høve skulle melda seg, å utvida aksjekapitalen med inntil 50.000,-. Og styret vart gjenvalt ved aklamasjon og ser da framleis slik ut: Styreformann Njål Sortland, styremedlem Eline Brundtveit, Dag Wilgohs, Cecilie Rønhovde og Samson Huglen. Varafolk er Per Egil Sæter og Hege Elin Haukanes. Og den store nyheita er at det vert kortautomater på drivstoffpumpene! Kostnadene er eit spleiselag mellom Huglabutikken og Merkurprosjektet 50/50. Dette vil vera populært, både når småbåthavna kjem i drift, og me som bur på kaia, ser ofte båtar som kjem etter stengetid for å få drivstoff, og så går skuffa nordover Huglavikjo. Men det trengs god markedsføring!
Og så tok aksjeeigarane ut årets utbytte: Betasuppe og heimelaga rundstykker, og etterpå kaffe og veldig gode kaker! Ikkje så vanleg i eit aksjelag at ein sjølv kan velja kor mykje utbytte ein vil ha!