Søndag var dagen for den store hugladagen kommen. Som ved andre utearrangement var det stor spenning i dagane før om vêrgudane haldt seg på huglarane si side. Det vart både sol og regn, men stemninga og samholdet vart det ingenting å seie på.
Hugladagen lokka til seg store og små i alle alderar, og truleg tok rundt 300 turen til Huglo og hugladagen. Huglarane kunne ynskje besøkande velkommen til mellom anna robåtrebus, tønneløp, hønseskitebingo, bruskasseklatring, hesteskokast og konsert med irske Andra Rice.
Trass i at arrangementet fekk eit lite opphald, der himmelen opna seg, og besøkande trakk inn i telta, vart hugladagen ein flott dag for store og små. Vel gjennomført arrangement til alle som hjalp til!
Her kan du sjå innslag frå hugladagen frå sunnhordland nett TV.
Kjekt å sjå frå Hugladagen. To av jentene mine hadde reist frå Harstad for å besøkja “gamle tomter”. Dei hadde det kjempe kjekt.