No nermar det seg den store hugladagen, søndag den 24.juli.
Som for to år sida, vert det lagt opp til familiedag på Nordhuglo med aktivitetar for store og små.
Frå klokka 12:00 kan du få vere med på:
– Robåtrebus på Huglavikjo
– Runde på Huglavikjo med eliasbåten for dei minste
– Tønneløp på sjøen for dei med mot, og utan vannskrekk
– Bruskasseklatring
– Hønsaskitbingo
– Hestaskokasting
– Dei yngste kan få prøve om badeender frå England vil bite på fiskekroken
– Stord maritime museum stiller med ein til to huglamotorar som har den rette go’lyden
– Familiekonsert med Andrea Rice m/band på kaien klokka 15:00
– Moglegheitar for ein “svingom” når Andrea Rice held kveldskonsert i ungdomshuset klokka 21:00
Som vanleg på store dagar på Huglo, vert det moglegheiter for å kjøpe grillmat, kaffi og kaker.
Inngongsprisar:
100kr – 18 år og oppover,
50kr – frå 12 til 18 år,
gratis for born under 12.
Inngonsprisane innkluderar alle aktivitetar og konserten.
Me håpar at Yr.no sitt langtidsvarsel er rett; – det viser at godværet kjem tilbake neste helg!