Varden opp!

Topp 3 Varden opp! 2010

Laurdag 23. juli arrangerer Huglo Idrettslag turløp til Varden. Ei god oppladning til hugladagen på søndag altså!

Det vil vere fellesstart på Vikasanden klokka 13:00. Dei som vil delta, betalar 30 kr. ved start.
Traseen er den same som i fjor; -frå Vikasanden opp til hovudvegen, så vidare inn mot Brandvik, og tar av vegen ved 1913. Deretter følgjer den merka sti til topps.

Det vil vere ein dame- og ein herreklasse. Premiering til topp tre i begge klassane.
Idrettslaget vil lage bål, og ha sal av brus og kaffi på toppen.

Vinnartidene frå i fjor:
Herreklassen: 14:56 – Øyvind F. Sortland
Dameklassen: 21:16 – Hilde Eikeland

Topp 3 Varden opp! 2010