Huglajakka

oppskrift på Huglajakka
Oppskrift på Huglajakka

No er strikkekufter høgste mote!  Denne utvikla medlemmer av Huglo Bygdekvinnelag ut frå ei gamal kufte som stammar frå Nordhuglo.  Sunnhordland folkemuseum har den i si samling.  Den opprinnelege kufta er strikka i sauefargar, ikkje så fargerike som dei på bileta, og initialene til eigaren, SJNH og årstalet 1846 er strikka inn.  Det er ei spesiell kufte, med mange ulike mønstre sett saman i eit plagg.

Huglajakke 2Vil du strikka Huglakufta, til deg sjølv eller som ein sers flott julapresang?  Oppskrifta kan du kjøpa på Huglabutikken, eller du kan bestille ho med sms til Astrid Eikeland, tlf 99442495.  Skriv navn,adresse og poststad.  Oppskrifta kjem i posten og kostar kr. 100, rekning med kontonummer kjem saman med oppskrifta.

Oppskrifta er berekna i tunt ullgarn som t.d. Lanett, Daletta eller Sisu.  I t.d. Smart eller Triplex vert kufta tjukk, då heile kufta er strkka i mønster med to fargar.  Vil du ha diagram og/eller årstal, fins det mange døme på diagram. m.a. på Google.  Sjølvsagt treng du ikkje strikka heile kufta mønstra, oppskrifta har døme der det berre er nytta ein eller to av bordane over skuldrane.

Lukke til!

Huglajakke 3