Huglo Bygdekvinnelag har pleid å arrangera Huglamesse anna kvart år, og den tradisjonen skal me halda fast ved. Så til hausten, kanskje i oktober, vert det på ny messe. Har du ein hobby der du lagar noko av tre eller tråd, mat frå hav, hage eller hei, fotograferer eller syr? Jo fleire og jo større mangfald, jo betre messe! God tid til å førebu deg får du no, det er meir enn eit halvt år til Huglamassa 2014. Kontaktperson er leiar i Bygdekvinnelaget Eline Bruntveit, tlf 920 13 087.