Sjølv om været eigentleg freista til uteliv, var frammøtet på basaren til inntekt for bygdahuset formidabelt. Per Egil sa ca 150, og han er jo ein mann me stolar på. Massevis av gevinstar hadde komiteen fått inn, det måtte to åresalg til, og enda var dei finaste gevinstane spart til trekning av loddsalg på 7 (!) bøker. Resultatet for Huglo Bygdahus såg utrolig bra ut etter antall selte lodd og årar. Me får informasjon om dette når alle vippsane er komne på konto og er telt opp. Akkurat no er det berre å takke komitéen for eit solid opplegg, og stor takk til alle frammøtte som hadde tålmodigheit og opne lommebøker i nesten 3 timar.
Dessuten lærte me at huglarane ikkje er spesielt glade i auksjon – i alle fall ikkje på ei tid då alle ynskte seg heim.