I siste liten starte me på Eldretreffet med å samla desse gamle lokale namna. Og dei som hadde særleg god kunnskap på feltet, blei også kontakta direkte. Resultatet er godt og vel 600 namn på stein og haugar avmerkte på Huglakartet. Nå vert karta og listene med namn leverte på Stord kommune sitt kulturkontor til digialisering. Det fantes nok mange fleire namn, men dei som kjende til desse, er nok ikkje her lenger. I alle fall er no mange namn frå før tida med GPS og droner berga for ettertida.