Huglo i går og i dag

Huglo i dag
I går var det sånn

Når skal våren vinna kampen med Kong Vinter?  I går lå eg på magen i graset uten vinterjakke og fotograferte blomane, og hønene fekk gå på plenen og hakka grasspirer og sparka i dei urydda blomebeda. Dugnadsgjengen på bronsegravrøysa sat ned i sola med kaffe og nistepakke.  Sjølv planla eg  å få piggdekka av bilen og inn i den mørkaste kroken i kjellaren, og den tanken var eg ikkje åleine om, har eg høyrt.  Men så vakna eg i morges og så ut av vindauga . . . .  Det var reint så eg berre ville gå attende til senga og gjera som bjørnen:  Sova til hiet mitt vart varma opp av sola.  Trøysta vart dei tre garna me satte kvelden i forvegen.  Der sat det to fine torskar på ca. 5 og ca. 4 kg – og ingen krabbar og ingen skit som om sumaren gjer garngreiinga til ein heildagsjobb.  Gytetorsken er framleis her, sjølv om han er ferdig med det han/ho eigenleg kom for!

Moralen er:  Huglo er ein fin plass å bu, anten det er sol og vår og blomar eller snødrev og båt og gytetorsk!!  Ha ein fin veke, alle våre lesarar rundt om på heile kloden!

Huglo i dag