Laurdag var det dugnad med rydding av kratt rundt bronsealdergravrøysa på Homandehaugen. Som alltid når Eline arrangerer noko, var verte strålande, så dei 8 som hadde møtt fram, hadde ei fin arbeidsøkt. Stien inn hadde vore rydda på førehand, så no var det lett å gå. Godt merkt var den óg. Dette vert ein fin tur framover for alle som kan vera fotgjengare på eigne føter. Utsikten er det heller ikkje mykje å innvenda mot, etter kvart får ein fri sikt i tre himmelretningar. Gjengen i dag rydda mykje rundt sjølve gravrøysa. Etter kvart skal det koma opp informasjonstavle, men ennå står det ein del arbeide att. Det vert sikkert fleire dugnader og fleire sjansar for dei som vil vera med å leggja tilrette rundt dette fornminne på Huglo.
Del dette innlegget
Me gler oss til turtesting. Hilsen fam Sortland:-)