2013 var eit godt økonomisk år for ungdomslaget.
I året som kjem vil ungdomslaget halde fram med sosiale arrangement samt tilrettelegge møtestad for ungdommane. Laget ønskjer at ungdomshuset vert brukt og at det skal være stad der ungdommane kan samlast for å spele biljard og bordtennis, sjå film og høyre på musikk og vere saman. Det skal opprettast ei offisiell facebook side der det vert lagt ut info om medlemskontigent, arrangement og generell info om laget.
Styret er godt nøgd med året som har godt, og vil takke alle som har stilt opp på ungdomslaget sine arrangement i 2013.
Ynskjer du å vera medlem i ungdomslaget i 2014 ? Kontigent kr 100 kan betalast til kontonr. 3520 57 46844. Hugs navn på den som meldar seg inn. Ein kan også støtta ungdomslaget gjennom Norsk tipping sin grasrotandel.
Styret til Huglo ungdomslag:
Janne Eikeland (leiar)
Jon Bruntviet (utleigeansvarleg, nestleiar)
Kristoffer F. Sortland
Angunn Eikeland
Are F. Sortland
(vara)
Mariell Runderheim
Åsmund F- Sortland