I dag, onsdag, var det godt å vera både menneske og dyr på Huglo! Ei bittelitt varmande vårsol skein, sjøen var roleg, og folk var veldig blide! Gløymt var 2-3 månader med søraust kuling og mykje væte, heile den tida me helst ville ha vore bjørn i hi. Tilog med eit pinnsvin hadde vakna og våga seg ut (godt hjelpt av ein ivrig hund i yr vårglede). Velsignade sol som så fort får oss til å gløyma alle dei utrivelege, våte, kalde dagane i vinter. No kriblar det i fingrane etter hagearbeide!