Hummertid

Det finnes folk her i nærmiljøet som meiner at 1. oktober er den viktigaste dagen i året.  2019 vert nok eit tungt år for dei.  Frå 1. oktober skal ein fiska hummer, agn har lege og rotnast sidan sist i august, garn har vore sett etter makrell for å bøta på mangelen av berggylte, alle teinene som ikkje hadde det frå før, har fått isett den lovbestemte bomullstråden, nye vak har fått lisensnummer og namn og teinene var lødd opp i båten 30. september.

MEN KOR ER HUMMEREN ?

På totalt 66 hal av 11 teiner sit eigarene av nemte teiner igjen med 5 hummare og minnet om dei 3 som gjekk tilbake til der dei kom frå, av di dei hadde utrogn. Men ein ekte hummarfiskar gjer seg ikkje så lett.  Det er lenge til slutten av november.