Det går an å koma saman utan eigentleg å skulle noko anna enn å vera saman, utan dagsorden og møtesakar. Ein slik samankomst er eldretreffa på Huglo. God mat, eit hyggeleg og varmt lokale og god tid til drøs og det vert ein god dag. Sist tirsdag var 14 huglarar samla på Fredheim Gard i regi av Bygdalaget. Det vart servert god suppe med heimebaka skjeve til, og kaffe og kake. Og rundt bordet vart både Olympiaden grundig gjennomgått, syn på det nye kloakkprosjektet til kommunen vart drøfta, og det vart spurd nytt om helsa folk imellom.
Fint initiativ frå Bygdalaget, og takk til dei som lagar mat, serverer – og tar oppvasken.