Hyggeleg søndag i pøsregn

Då dei Rustne Karane fra Uskedalen stemte opp til allsong, var talet på frammøtte 120 med stort og smått!  Det er tydeleg at folk set pris på at det skjer noko, uansett om festantrekket er regntøy og gummistøvlar og allsongheftet må tørkast på badegolvet heime etterpå.

Tre Rustne karar frå Uskedalen

Kjersti Grillmester grilla 80 hamburgare som forsvann saman med ein god tomatsalat og anna tilbehør, og utallige pølser som gjekk same vegen.

Kjersti Grillmester

Det var ikkje eit einaste misnøgd fjes å sjå bak regndråpane som rann frå reghetter!  Hyggeleg å møtast, hyggeleg å sjå kjente og ukjente og stakkars engelskmennene som gjekk i kortbukse, sandalar og blåfrosne knær.

Takk til Huglabutikken og Wenche for godt tiltak.  Det går an å ha det hyggeleg sjølv i kombinasjonen av pøsregn og coronatider.

 

Wenche såg til at alt gjekk riktig for seg.

Og ein ekstra takk til Dei Rustne Karane som ganske frivilleg kjem år etter år frå Uskedalen og får sjokoladehjarter som synleg takk.  Dei (og vi) song så stemninga nesten var som solskinn.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Matkø med coronaavstand