
Njål var tidleg ute med bord og benker. Wenche dirigerer.
Ein hyggeleg tradisjon og ein fin måte å samla folket på, dette med bord og benker utafor butikken, grilling og konsert med Huglo skulekorps og god tid til ein drøs i finveret. Ingen tvil om at folk, både små og store, kosa seg med kvarandre, grillmat, kaffe og konsert under leiing av korpset sin nesten nye dirigent, Thea Hinderaker. Og det midt i travlaste slåtten! Korpset fikk litt ekstra penger i kassa ved loddsalg, og gevinstane blei denne gongen noksa likeleg fordelt mellom dei “faste” og hyttefolket. Takk til alle som gjorde dette til ei fin stund. Dugnadsanden lever framleis på Huglo!

Alle var der (nesten)

Kva er tema her?

Kjekt å treffast!

Loddsalg for korpset

13 musikantar og ein dirigent gjorde det ekstra triveleg


Alle sitjeplassar vart nytta

Og nokon tok ansvar for opprydding etter festen