Og det til tross for at veret var litt ymse og kanskje ikkje heilt fyrsteklasses for ein sånn dag. I år var oppturen “Varden opp” arrangert av HIL inkludert i Hugladagen, løparane fekk ein liten dusj i starten, men så skein det opp. Spreke folk! Og kjekt at mange av løparane var sers unge. Vinnar vart Jørgen Austvik med den utrulege tida 15.55. Gratulerar med imponerande innstas, både vinnar og alle andre løparar og gåarar til Varden!
Arbeidsgruppa hadde lagt ned eit stort arbeide i å arrangera kjekke aktivitetar. Eliasbåten Øyliv var var populær hos dei yngste, og her var tombola, bueskyting, hønseskitbingo og tønneløp der alle deltakarane havna i den 16 graders Huglavikjo etter 2 – 5 tønner. Innimellom fekk folk seg både grill mat og kaker. Hugladagen vart avslutta med konsert der Miniforetaket song eigne songar.
Og i fleire timar etterpå rydda og demonterte dugnadsgjengen! Tusen takk til alle som gjorde dagen så vellukka.