Ca. 35 huglarar og sånn cirka 23 barn og vaksne i “støttegruppa” for foredragshaldaren Kjell Bjelland hadde funne vegen til sundagskaféen Bygdekvinnelaget arrangerte i dag. For ein gangs skuld kom dei gode kakene og kaffen i andre rekke. Kjell Bjelland var i 2010 på tur med Lars Monsen i 30 dagar – den turen som vart til TV-programmet Ingen Grenser. Deltakarene var alle fysisk funksjonshemma, nokon av dem med alvorlege og samansette vanskar. Og dei funksjonsfriske i TVteamet hadde streng instruks om ikkje å gje turdeltakarane prakstisk hjelp. Me som sat heime i godstolen og fulgte TVprogrammet, hugsar godt dei strabasane og store og små problem deltakarane hadde å stri med. Ein fantastisk bragd at dei fullførde og nådde målet – 50 mil gjennom villmark. Men kanskje enda viktigare er ringverknadene av turen: Deltakarar som fekk eit heilt anna syn på seg sjølv og eigen meistring, og med det eit heilt anna liv etterpå, og all oppmuntringen og inspirasjonen mellom anna Kjell Bjelland sprer med bileta, fortellingen og refleksjonane sine. Han er ein mykje brukt forelesar i eit vidt spekter av forsamlingar. Og budskapet hans er kanskje i eit nøtteskal: Stell godt med den kroppen du har, og bruk han, hald han så sterk og frisk og i form som du kan: Kroppen er
det einaste og viktigaste du har heile livet!!
Takk til Kjell Bjelland (som står fjellstødt på eigne bein og ikkje treng “støttegruppe”) og takk til Bygdekvinnelaget for eit godt initiativ – og gode kaker.
Berre ein liten ting: Kjell Bjelland – med berre ein arm – hadde sko med skolisser, ikkje borrelås. Korleis knytar han dei fine sløyfene på skolissene sine?