Fredag vart verdas minste julegate opna, og julegrana tennt. Med juletonar frå korpset, pepperkaker og gløgg var alt på plass for å ta fatt på adventstida. Det var lenge frykta at “Berit” skulle øydelegge denne koslege førjulstradisjonen, men både regn og vind haldt seg vekke. Vel 40 store og små hadde teke turen til den vesle julegata utafor Huglabutikken. No kan julestria starte!
Del dette innlegget