Invitasjon til skipsdåp

Redningsselskapet har nyleg fått ny ”Eliasbåt”. Denne båten skal vera stasjonert på Stord og vil bli nytta til å læra sjøvett til born og unge.

Båten har fått namnet EHMF ØYLIV etter bulystprosjektet som Huglo er del av saman med Espevær, Møkster og Fjelberg (EHMF). Øyene våre vil vidare få førsteretten til å nytta båten kostnadsfritt, og Øylivbåten vil vera god reklame for øyene.

Laurdag 11. juli kl 11.30 vert det høgtideleg dåp av EHMF ØYLIV, med pomp og prakt, under Øydagane på Fjelberg. Her er alle huglarar hjarteleg velkomne til å ta del! Det vil gå skyssbåt frå Leirvik kl 10.00 med retur frå Fjelberg om lag kl 13.00. Pris t/r kr 200. Born gratis. Dersom de har eigen båt, er sjølvsagt det eit godt alternativ.

Det er eit mål å få nokre born/unge frå kvar øy med som fadrar under dåpen. Dersom dette er interessant – kontakt Øyvind Sortland på tlf 97594046

Uten navn