Dette er post 16. Den ligg der den skal liggja: “Under stup” tett på stupet – 30 cm over bakken, bak ein knaus på nordsida, bak ein stor stein om ein kjem fra sør, og med ein stor, fin brakjebusk foran seg. Men så er gleda stor og skinande når ein ser at DER, der er den!! Då er det ikkje så farleg at Gortexskoene ikkje er så vatntette som reklamen lova og at sumarregn er vått og det ikkje er ein sol og badedag sjølv om sumaren er kort. Terrenget stemmer med kartet, så post 16 er ikkje så vond å finne og mange har funne han, det var 1 1/2 side med signaturar i glaset. Men det er plass til fleire – og det vert nok fleire dagar som er godt eigna til postleiting!
Stikkord: turorientering
Del dette innlegget