Jens Arneson Skår (1848 – 1930)

Jens Arneson Skår (1848-1930)

Jektastø før 1930. huset står ennå, no som raud hytte, eigar er Sigurd Riise

Tekst:  Arne Sørli

På folkemunne blei Jens Arneson kalla “Slettasmeden” – og òg kalla Gjedla Sletten.  Han gjekk i smedlære hos Per Smed på Leirvik.  Då han var ferdig utlærd måtte han arbeida eit år gratis som betaling for læretida.  Etter det flytta han heimatt til Skår der han slo seg ned som smed.  I smia hadde han òg dreiebenk som vart driven med vatn, han dreia både i jern og i tre.  Han var ei framifrå nevenyttig kar,  òg flink til å reparera klokker, så folk frå heile distriktet kom med ur som var i ustand, alt frå store veggur til små dameklokker.  Eg såg ein gong eit lommeur som han hadde reparert, der han hadde gravert inn i lokket bakpå uret dato for reparasjonen og prisen (5 øre!), og underskrifta si (J.A.Skår).

I 1906 gav han Skår over til sonen sin Sivert.  Sjølv flytta han til Huglo og busette seg i Jektastøo, der han bygde hus.  Han hadde ei ku og eit par sauer, og dreiv attåt som smed og klokkemakar.  Folk kom òg med krukker og skåler som var gått sund.  Desse sinka han saman ved at han bora små hòl i delane og batt dei saman med krampar – sikkert eit tidkrevjande arbeide.  Kanskje finst det annå slike skåler her på Huglo som Smeden har reparert?

Gjedla Smeden var ein flink songar og han var mykje brukt som kjøgemeistar i bryllaup og gravferd.

Fyrste kona til smeden, Siri Sjursdotter Skarvaland, døydde i 1888.  Han sat igjen med 4 born på Skår.  Han reiste då til Høylandssund og fridde til Brita Sjursdotter Skarvaland, syster til Siri.  Frieriet kom brått på ho, og ho kunne ikkje svara med ein gong.  Han sa då at “om eit år kjem Smeden att, på same sted og til same tid og dersomdå  du står på bryggja med tølene dine, kjem Smeden i land, men om du ikkje står her, dreg Smeden heim att.”  Då året var gått og smeden kom tilbake, sto Brita på brygga med tølene sine.  Men gubben vart nok ikkje heilt nøgd med denne kona, for ordet går at han sa at “den turen skulle Smeden aldri ha gjort”.

Gjedla Smeden var òg nytta som doktor.  Det vert fortald at i eit hus på Nordhuglo var det ei mor som hadde fått brystverk.  Smeden blei henta og han saug så kraftig på brystet at verken løsna og mjølka kom.  Han svelgde alt han saug ut: “Eg kunne då ikkje sputta ut noko så godt!”

Smeden fekk tilsaman 5 born.  Ein av dei blei  urmaker i Kopervik.  Han var kjend for kalenderura sine, som i tillegg til minutt og time synte dag, månad, år – og endå skotår. 

Både Smeden og den siste kona hans er gravlagde på Huglo.