Huglo kultur og natursti opna i 1994, ein flott stoppestad er gruvene. På slutten av 1860 åra vart funne koparhaldig kis i guvene på Tveit. Gruva hadde fleire eigarar i åra som fulgde, men vart eigd av Vignes koparverk på Karmøy frå 1883-1885. Til tross for at koparen vart rekna som god, var det ikkje nok til at det vart ei langvarig drift. Frå “gruene” og ned til tveitevågen vart det bygd ein trallebane, der kisen vart lasta. Den siste skipslasta gjekk frå Tveit i 1903, diverre gjekk skipet ned med mannskap (frå Halsnøy) og last. Det høyrde også til ein administrasjonsbygning og andre ulike driftsbygningar.
Dei siste åra har det grodd godt til rundt restane etter administrasjonsbygget og muren etter trallebana. Det vart gjort ein del rydding i naturstien året 2010, og arbeidet forsett 2011.
lokalhistorie er kjekt å lese om, flott at det blir tatt litt vare på stedene det her er snakk om :)
Det er kjekt å se at den flotte naturstein blir tatt vare på…