Jonsokafta på Leiropodlen

Kva gjer litt væte?

2017-06-23 002Det skal meir til enn regn til å skremma huglarar frå å feira Jonsok!  Og når dugnadsgjengen hadde satt opp partytelt med bord og benkar, og serverte tradisjonell grillmat, vart det ein fin Jonsokafta sjølv utan værgudanes samarbeide.

Takk til alle som bidrog, særleg med jobbing, men òg med frammøte!  Alltid kjekt å halda vedlike tradisjonar, og alltid kjekt å treffa naboen, sjølv i oljeklede og med paraply.  Og då hamburgare og pølser var fortærde og bålet (nesten) brent ned, stoppa regnet og ein kunne rusla heim utan paraplyen.

 

Bålet brant tross regn
Bålet brant tross regn
Nåkon fekk det ikkje vått nok
Nåkon fekk det ikkje vått nok
Grillmaten er klar!
Grillmaten er klar!

2017-06-23 0032017-06-23 013