Julakonsert

"Singel og sand" med solistar frå songlaget

Desember er ein månad proppa med tradisjonar. Julakonserten med korpset og songlaget storabuen er ein sjølskriven førjulstradisjon. Konserten i år skil seg imidlertid litt ut frå dei andre i rekka. Medan koret varma opp forsvann plutseleg straumen, og det var ikkje fordi koret stilte med eige orkester som krevde ekstra straum. Straumbråtet hadde råka heile øye. Heldigvis var kaffien ferdig og raskt lyste lys i alle fasongar opp gymsalen. Stemninga vart verkeleg koseleg når koret tok siste del av oppvarminga sittande i tindrande ljos medan dei første huglarane kom til konsert.
Halvvegs i avdelinga til korpset kom lyset attende og resten av kvelden kunne gjennomførast utan talgalys på do og notar som ikkje kunne lesast i mørkre.
Julakonsert

Levande ljos og julestemning
Levande ljos og julestemning

Korpset, som ikkje har hatt faste øvingar denne hausten stilte med “veteranar” og “spelande trenar” (dirigent Thea Lund Hinderaker). Kjende og kjære julesongar vart framført før songlaget tok over. Songlaget Storabuen gjennomførte eit knippe songar frå arrangemanget dei hadde i haust, Ønskekonserten. Dei avslutta, som alle år tidlegare med O helga natt, før allsang av julesangar leia av Helge H. Andersen.

julakonsert

Huglo (veteran)skulekorps
Huglo (veteran)skulekorps

Sjølvsagt var heller ikkje dette arrangementet utan rikeleg med mat og kaffi. Nokre heldige kunne også ta med seg heim ei julestjerne, dreia skåler frå Huglo, ribbe, lefse frå Huglo eller ein kasse epler frå utloddinga.

Julakonsert

Julakonsert

"Singel og sand" med solistar frå songlaget
“Singel og sand” med solistar frå songlaget

Takk for nok ein koseleg førjulskveld med korpset og songlaget!


Julakonserten 2011