Det vart ein fin julakonsert i år også. Songlaget Stordabuen starta med ei avdeling der dei song 70-tals hits. Det låt bra! Seinare hadde dei ei avdeling med kjente og kjære julasongar. Kaffimaten var god som vanleg og det var ei god runde med årer og trekking. Korpset imponerte stort med variert musikk i si avdeling. Kvelden vart avslutta på tradisjonelt vis med allsong. No er me (snart) klare for jul på Huglo, i år og. Takk til alle som tek del for at dette årvise arrangementet skal finna stad.
Del dette innlegget