No – og innan 1.desember – er det påmelding til julebordet på Laukhamar Fritid fredag 7. desember, anten til Sissel, tlf 534 95 625, eller til Eline, tlf 534 95 633. Laukhamar Fritid seier i brosjyra si at dei “serverer god og rikeleg heimelaga mat. Julebuffeten består av rikhaldig utval av kalde og varme rettar, dessertbord og kaffi. Dei lovar òg “førjulstemning i smakfullt julepynta lokaler”. Alt dette får me for kr. 475,-. Avreise med ferja kl. 19.20.
Bygdekvinnelaget håper me vert mange frå Huglo denne kvelden!