Som vanleg var korpsbasaren godt besøkt, her møttes alle for å støtte korpset vårt. Som Albert sa: Dette kan takast som eit teg på at folk ynskjer å ha eit korps – og han lova at pengane skulle takast godt vare på og nyttast til beste for vidare drift av Huglo Musikkorps. Godt samspelte er dei, og mange nok til å fylla samfunnssalen vår med godlyd – kva meir kan ei lita øy ynskja seg?
Og resultatet seier sitt: Då alle årane var selt, boka hadde sirkulert, og alle dei flotte gevinstane hadde fått eigarar, hadde Huglo Musikkorps 23.150,- (!!!) kroner til vidare arbeide. Det er ny rekord og lovar godt for framtida! Vel blåst!
Me gler oss til komande konsertar – den fyste vert julekonserten 9. desember.