28. desember var det klart for den tradisjonelle julafesten i bedehuset. Til tross for ein bitande kald dag, tok omlag 60 unge og gamle turen til bedehuset. Her var fastbuande, studentar heima på ferie, “hyttefolk” og andre på julabesøk til Huglo samla for ein god kveld ilag på det fine bedehuset vårt.
Som i jula elles, var det tradisjonelt program. Eit julaspel vart synt fram, og her måtte fleire frå forsamlinga vera tøffe og hoppa inn i ymse roller. Kari Bolette Lundal kom over fjorden på besøk og ho tala levande og engasjerande til både store og små. Våre eigne songfuglar, “Emmaus”, song og spelte fint før det vart nokre rundar rundt julatreet.
Etter dette var alle klare for mat. Eit stort dessertbord med kaker, puddingar og andre desserter i alle smakar og fasongar smakte godt til kaffien.
Når maten hadde senka seg, var det klart for ein kjekk julequiz der alle deltok. Her fekk folk brynt seg på alt frå søndagsskulepensum til huglarar på fjesbok og innsjøar i Afrika. Ei forteljing ved Kari Bolette smakte òg godt til kaffien.
Etter ein fin fest takka folk for samværet før ein rusla ut i den kalde og klåre vinternatta.