Endeleg!! Kommunedelplanen for Huglo blei godkjent av Stord kommunestyre 16. desember. Me vil etter kvart finna eit eksempla på Huglabutikken. Det vert óg høve til å lesa den på Stord kommune si nettside.
Om molo: Den 2.desember vart budsjettet for hamna vedteke. For året 2011 er det sett av ein million kroner til molo på Huglo og for året 2012 fire millionar. Det er meininga at oppstart vert i 2011. Vedtaket vert lagt ut på Huglabutikken.
Om fiberoptikk: Som dei fleste sikkert har fått med seg, vert det i desse dagane lagt ut/strekt linje for fiberoptikk sørover vegen. Før jul var den framme ved Huglo skule.