Julekonsert

Flott julesteming i gymsalen på Huglo skule. For somme vert det ikkje jul før ein har fått med seg julekonserten med songlaget storabuen og Huglo skulekorps.

Huglo skulekorps og dirigent Thea Hinderaker
Mykje god mat

Korpset opna som vaneleg konserten med kjende og kjære julesongar. Deretter følgde songlaget og orkesteret Chiclets, som sang songar frå framsyninga si tidlegare i haust, “store norske”. Med både nye, gamle og evigvarande slagerar var det flott steming i gymsalen.

Etter kaffi drøs og kringle vart det loddtrekking med mange flotte gevinstar, før koret entra scena med si juleavdeling, og sjølvsagt, “O helga natt”.

Spenning under trekkinga

Det heile vart sjølvsagt avslutta med den tradisjonelle allsangen, med huglo skulekorps i leiing av Helge Heiberg Andersen.
No kan me trygt sei GOD JUL !

Trekking på "gamlemåten", sjølvsagt!

Her kan du lesa Stordnytt.no si reportasje om julekonserten på Huglo.
Eller sjå bilete frå julekonserten 2011