No har dei budd her så lenge at det mest er blitt ei vane å vera avhengig av ferja og SFO som ikkje passar med skulebussen og at ein ikkje låsar husdøra når ein berre skal ein tur på butikken. Det var ei annonse på finn.no som fanga blikket deira då dei kjende seg klare for ein frisk start både for vaksne og barn: “Idyllisk øysamfunn søker barnefamilier”. Så dro dei på besøk/inspeksjon og kjende seg velkomne og vel tatt imot allereie før dei hadde bestemt seg for å flytta. Den største bremsen var nok storejenta Trine, men etter kvart har ho sett at her kan ho i alle fall konsentrera seg om nettstudiene sine, ho tar vidaregåande, studieretning helse og sosial, på nett. Og her stikker ein ikkje ein tur ut for å henga med vener titt og ofte, sånn det er både greitt og vanskeleg å vera omtrent åleine i sin aldersgruppe på ei øy. Ronja i 1. klasse og Emil Andre i 3. treffer vener på skuleveg og på skulen – men der har det nok óg vært litt tovegs kulturkollisjon som klassekameratar og “dei nye” treng vaksne til å klara opp i. Men på Huglo kjenner dei seg godt tatt imot, det er dei einige om.
Og korleis går det i det store og heile å flytta til eit lite øysamfunn når ein er frå eit stort
miljø? Mor Mette har tid til å ta nettbaserte studier i økonomifag, for her bruker ein ikkje tid til spontanturar til by’n for å handla litt og drikka kaffe. Far Helge vonar at det går seg til med oppdrag for einmannsfirmaet hans. Dei ser positivt på framtida – kanskje ordnar det seg med hus på Skarvane?
Velkommen og lukke til som huglarar, Mette og Helge, Trine, Emil Andre og Ronja.
Hei! takk for en fin omtale, å ja vi koser oss her på Huglo. det hjelper veldig at menneskene her på øya har tatt oss så godt imot.
så langt føler vi oss hjemme, vil samtidig ønske alle sammen en riktig god førjulstid.
mvh helge m/fam.
Kjempeflott. Ønskjer dåke lykke te og god jul og eit innhaldsrikt nyttår.