Huglo Bygdekvinnelag innbyr til julasamankomst i Fjellheim fredag 5. desember kl. 19.30. Alle deltakarane tar med litt til eit felles koldtbord, og det dei sjøl vil drikka til maten. Bygdekvinnelaget sytar for brød, smør, og kaffe og te. Det vert underhaldning, utloddning av juleblomar og god tid til drøs og hygge i ein elles travel førjulstid.
Påmelding til Hedvig med sms til tlf 41334436, eller på lista som ligg framme under opningen av julegata.
Hjarteleg velkommen til alle!
Stikkord: julesammenkomst
Del dette innlegget