Dei siste åra har Huglo Bygdekvinnelag arrangert juleverkstad, mest for barn, men alle er velkomne. Så óg i år. 5 vaksne og 6 ungar kosa seg denne sundagen med å laga ny julepynt, m.a. tova ullhjarter og einerkransar. Og etterpå vanka det sjølvsagt pepperkaker, bollar, gløgg og raud saft.