Det er framleis eit mysterium kor blindpassasjeren kom om bord i ferja. Ingen har spurt etter pusen som vart satt i land om morgonen forrige fredag. Ein røynd ferjekaptein meiner han kan ha vore blindpassasjer i ein bil som kjørde om bord på Folgefonn, kanskje på Jektevik. Der er det ikkje uvanleg at mannskapet et egg og bacon, det luktar godt!
I alle fall bur pusen framleis i naustet på Nordhuglo. Kaldt og vått, tykjer Frida-hunden. Kvar morgon når Frida får seg ein luftetur, spring ho ned i naustet og hentar pusen heim og inn på kjøkkenet. Der sit ho og ser på at pusen et opp hennar frukost (ho er vel sikker på at det er meir der den kjem frå).
Men korkje eigaren av naustet eller huskatten Katja er heilt nøgde med ståa og frukostgjesten. Og ettersom ingen har meld seg som eigar, treng denne vesle gutekatten ein ny, god heim. Tlf er framleis 41334436.