Kjelda på Nordhuglo

Nokre huglarar på Tveit har erfaring med at når dei grev i hagen sin, kan det koma fram overreraskingar.  Så òg på Nordhuglo.  Under graving i jorda kom det fram noko som var dekt med ei plate.  Det viste seg å vera ei gamal kjelde, frå den tida husa i Nordhuglo låg som eit klyngetun.  Denne  var nok ei av dei felles vasskjeldene den gongen.

Ca. 1860 starta utflyttinga frå klyngetunet, men denne kjelda var i bruk fram til for ca. 50 år sidan.  Etter siste krigen starta bøndene på Huglo å levera mjølk til meieriet, då var det praktisk å nytta kjelda til å kjøla mjølkespanna.  Mjølkeskøyta kom 2 ganger for veka, då kjørde dei ned dei kjølte spannene til båten. Rundt 1980 kom kjøletanken i bruk.  Da var ikkje kjelda naudsynt lenger.  Eigaren meinte  at den kunne vera farleg for dyr og små barn.  Han fylde henne igjen med stein og jord.  Den noverande eigaren har grave han fram igjen, så me ser den fine steinsettinga og trappa som var laga for å koma ned der kjølinga var betre.

Spanande å sjå kor nevenyttige dei var den gongen dei sjølv med eige arbeide måtte laga det praktisk for seg i kvardagen.

IMG_5241