Huglo Bygdekvinnelag er 70 år i år, og i den anledning inviterer me til kulturkveld i Huglo Bygdahus fredag 25. oktober kl.19.00
Halvor Folgerø kjem og fortel i ord og bilete frå boka Vestlandsvegar og den rykande ferske boka Ferjefolket.
Det blir servert varm mat, kaffi og kaker. Og det blir utlodding.
Sidan det blir matservering treng me å vite kor mange som kjem. Påmelding innan 15. oktober til Wenche Taranger.
Tel: 92445863 eller e-post: wenche.taranger@gmail.com
Gratis inngang.
Alle er hjarteleg velkomne!