I dag, onsdag, kom etter invitasjon frå Eline, kultursjef i Stord kommune, Hanne Lene Østvold Jordåen og kulturkonsulent Ragnhild Tveit, hit til Huglo for å verta betre kjent med østsida av kommunen.
Idet dei gjekk av ferja, såg med i sykkelskuret og dei fekk informasjon om arbeidet til Huglo Idrettslag, med turorientering og utlån av kajakker.
Turen gjekk fyrst til Huglabutikken – sjølvsagt. Butikken er viktig for Huglo som butikk – men uvurderleg som samlingspunkt. Dei fekk informasjon om butikken sin historie, noverande drift og fekk sjå vareutvalget. Vidare gjekk turen til Salamonbua, der dei blei fortalt om rehabiliteringa frå særs enkel bolig og butikk, via nedrivingsklart naust til dagens fine og koselege kafé, samlingspunkt og utleieobjekt.
Så sto Myrvold Gård for tur. Gjestane lot seg imponera av 13 dyreslag, kreativitet og særleg påfuglen, som i mangel av andre å spela for, viste seg fram i alle sin prakt. Men ikkje alle i den lille gruppa ville ta på kvelarslangen.
Dei besøkande måtte sjølvsagt sjå skolebygningen, med utstilligen av alle dei gamle skulebileta, og kunstverket i skulegården: 11 steinar for 11 elevar, som skulen hadde den gongen. Dei blei fortalt kor viktig dette bygget er for øya, og planane om oppgradering til utleieprosjekt.
Fjøs med lausdrift er det ikkje alle små øyar som har, og våre tre mjølkeprodusentar står nå for all mjølkeproduksjon i Stord kommune. Dei fekk óg ei grunndig innføring i moderne kjøtproduksjon.
Nest siste post på omvisningen var til Tuuurid.no sin garnbutikk
og så var det endelig tid for rundstykker, kaffe og litt summing om kva for forventningar huglarane har til Stord kommune. Til avslutning fortalde Eline om historen til bygget til omnsmuseet (som kommunen fyrst sa nei til) og ho gav ei orientering om nokre av omnane.
Kultursjef og kulturkonsulent sa seg særs nøgd med besøket – som dei brukte ein heil arbeidsdag på – og så får me håpa at Huglo er satt litt tydelegare på kartet for kommunen (og dei som sit på pengesekken).