No, når badetemperaturen er på veg oppover: 12,5 grad i Huglavikjo i dag, har me fått ei anna landeplage enn iskaldt vatn. Huglavikjo er invadert av brennmaneter!! Tett i tett kom dei symjande innover. Det er umogleg å setta ein fot i vatnet dersom du ikkje vil verta brent.
Den sviande smerten varar ikkje meir enn ca ein halvtime, men det er ein halvtime for mykje med plagen. Sikrast er å halda seg på land, men er det sumar, så skal ein bade, sjølvsagt. Vanleg vannfast solkrem vernar litt, men nettstedet Mozon.no fortel at fisken kviting skillar ut eit stoff som vernar mot brenntrådane. No har nokon funne på å lage ein solkrem, SunCare, som har 80% av same effekten. Har ein fyrst hatt eit møte med brenntrådane, hjelper Xylokain, ei salve ein kan kjøpa på apotek. Den litle tuben har fast plass i båten og saman med badetøyet mitt.
Men: Kvifor finns det brennmaneter? Er dei godt for noko som helst? Kan nokon svara på det?