Emnene/ynskene som vart tatt opp med politikarane var:
– viktigheita av å leggja til rette for å halda folketalet oppe på Huglo
– få vei/vatn/kloakk til utleigehuset på Nordhuglo
_ løysa ut grunnen til Skarvane II
– større tomter på eit eventuelt nytt boligfelt
– få fortgang i fastlandssambandet/bru til Tysnes
– broa over Langenuen må koma i sør
– veiane på Huglo må utbetrast
– kommunalt vatn der dette manglar, og vatn til moloen
– breibandtilknyting for heile øya
– leggja til rette for tilbakeflytting for ferdigutdanna Huglo-ungdom
– med auka folketal må Huglo få i gang skulen att
– skulebygningen – kva med framtidig bruk? Må ikke selgjast!
Det var semje om at det er trong for ein “Hugla-koordinator” i kommunen
Gnagsårpolitikk? Ja, men jo fleire politikarar (og byråkratar?) som høyrar argumenta til huglarane, jo større er vel sjansen til å verta høyrt og få resultat? No ventar me på dei andre partia!