Styret i Fabrikken har dette å melde:
Fabrikken 2015 ser fram til sommaren si storhending på Huglo i hjarta av Sunnhordland.
24. og 25 juli 2015 vert på ny det gamle fabrikkområdet i strandkanten arena for den trivelegaste festivalen i verda. Etter den store suksessen i 2012 ser me ingen anna råd enn å skru maskineriet på full guffe til sommaren.
Lageret vert for tida fylt opp og me vil no stolt presentera dei fyrste varene:
Jonas Alaska
Åmligutten, Jonas Alaska sjarmerte heile landet med debutalbumet sitt i 2011. Han vann Spellemannspris, toppa radiolistene og solgte ut klubbar over heile landet. Debuten vart fulgt opp av eit akustisk innspelt album, produsert av Kjartan Kristiansen (Dumdum Boys, Stein Torleif Bjella).
Jonas Alaska har sidan debuten spelt på de fleste av landet sine scener, tv-show og festivaler. Han har ei eiga evne til å bevege publikum i alle aldrar med musikken sin, enten det er lavmælte viser med akustisk gitar, eller som frontmann med sitt knallsterke band i ryggen. Han er rett og slett eit av de sterkaste nye skota på den norske låtskriverstamma.
Alaskas tredje album er venta våren 2015. I haust slapp han singelen Summer som gir store forventningar for det komande albumet.
Elsa og Emilie
Dei to unge jentene frå Sunde i Kvinnherad og Haugesund gav i haust ut debutalbumet «Endless Optimism» på Sony Music Norge. For dette albumet har dei blitt nominert til Spellemann i kategorien «årets nykommar». Frå albumet har singlar som Run, Another Day og tittellåta Endless Optimism blitt lista på radio. Jentene har fått mykje merksemd og har mellom anna spelt på VG-lista showet på Rådhusplassen, Lindmo, P3 Christine og ByLarm.
Elsa og Emilie har blitt samanlikna med artistar som First Aid Kit og Susanne Sundfør og er spådd ei lysande framtid.
The Lionheads
Høyrer du på radio har du heilt sikkert fått med deg The Lionheads i haust. Det solide debutalbumet “Human Walk” vart slept i september, og dei har gjort fleire forrykande live- opptredenar i etterkant av dette. The Lionheads har gjennom hausten vorte ein favoritt i fabrikkgjengen med sine store gitarlinjer, ambiente synther og melodiøse vokal.
Trygve Skaug
Trygve Skaug er låtskrivar og vokalist, kjend frå bandet StMorritz som debuterte på norsk med albumet ”Tusenvis av ting” i 2010. Hans fyrste soloalbum «Martyren» vart gitt ut i haust, og låtane hans har blitt spelt dagleg i over 70 veker på NRK P1 sidan 2010. Samtidig er Skaug aktuell som diktforfatter, og saman med debutalbumet lanserte han oppfølgaren til fjorårssuksessen «11 millioner bugg» med boka «En glemmebok».
Me er svært nøgde med desse artistane og gler oss storleg til å ta imot dei på Huglo i sommar. Fabrikken 2015 har mykje på lager som me vil presentera i tida framover.
Følg med på www.fabrikken2015.no og sosiale medier.
Med venleg helsing Fabrikkenstyret