
Flott julatre heil til taket – nesten
Det var godt frammøte på julatrefesten på Bedehuset. Festtalaren, Lise Marie Th. Litlabø, konkretiserte og levandegjorde Jesus sin forhistorie, liv og meining så både barn og vaksne lytta ivrig.

Elles var julatreet like stort og flott som tidlegare år, det var underhaldning og massevis av gode kaker og dessertar. Huglaungdomer – ein fastbuande og dei andre langpendlarar – spelte saman som det var noko dei gjorde kvar dag, det var opplesing og quiz. Takk til alle som arrangerte og deltok – og velkommen tilbake neste år.