Ingen fekk øva seg på å slukka brann på mandag – for kurshaldaren fra Stord Brannvesen dukka ikkje opp. Me gjer eit nytt forsøk til hausten – før julelysa og smultgryta. Men det kjennes trygt å bu på ei øy der mannfolka veit alt om brannslukking, og kanskje om førebyygande brannvern óg. For her møtte berre to hankjønn, resten av dei frammøtte var huglarinner som ville lera korleis ein skulle redda folk, fe og heim frå flammane.
Elles er det mykje som står på planane framover: Bruktsalg på kaien laurdag 25.mai – om dette kjem det meir informasjon – korkonsert i skulen sundag 26.mai, korpskonsert foran butikken laurdag 1.juni, tur til gapahuken sundag 2.juni. Og vert du medlem av Huglo Bygdekvinnelag kan du både vera med på rusletur til Radiohola mondag 6. mai, og vera med på Den Store Festen i samband med stemmerettsjubileet 11. juni. Berre for damer!
No er det berre å merka av i kalenderboka, så du ikkje går glipp av noko.