Huglabutikken skriv følgande på sida si på facebook: “Litt nærgåande sjø i dag, flo heilt til trappa. Men vinden tek ikkje her, heldigvis.” Dei som venta på den heilt store, uvanlege floa, vart nok skuffa. Men her vart ingenting skadd, heldigvis. Butikklageret fekk vera turt, og inga svaner sømde inn på Huglabutikken. Men lause ting frå nausta i Huglavikjo ligg nok og rek einkvan stad.
Her ser du bileta.