
Spørsmål: Kor viktig er butikken for Huglo?
Huglo er i fokus igjen! No har Sunnhordland lokalradio, ved Marte Rommetveit, vore på Huglo på ein spontan-tur for å laga lokalreportasje med glimt frå huglokvardagen. Kven ho traff og kva side av huglalivet ho tok fram, står heilt for hennar rekning. Resultatet kjem som innslag på NRK lokalradio i ettermiddag og i morgon klokka 9.15. Marte dro tilbake for å redigera det ho fekk inn på opptakaren sin, men antakeleg får me høyre litt om kvifor folk flyttar til Huglo – eller vert buande når sjebnen har plassert dei her, korleis det er å driva butikk på Huglo, kor viktig butikken er i det litle samfunnet vårt – mellom anna. Reisereportasje utan førebuing skal ikkje vera særleg djuptloddande, berre små glimt frå ein sumar-føremiddag. Me tålar godt at glimta ein dag er frå Huglo – all hugloreklame tar me imot med takk!