Kulturminnedagen er landsomfattande og går av stabelen 11. september i år. Det beste kulturelle arrangementet vert premiert! Huglo, representert ved ildsjelane i gravrøyskomitéen, har meldt på dette arrangementet. Om det ikkje vert premie, har me likevel mykje å gleda oss over – og til – dette vert ein spanande dag.
Liv OGLyst Huglo, StordGravrøysa på Nordhuglo er ei av dei mest interessante bronsealderrøysane i Hordaland. Likevel har få nolevande menneske sett røysa. Dette fordi ho i mange år har vore særs tilvakse, og stien ut tilrøysa har vore overgrodd og heilt uframkommeleg. No er røysa rydda, og det er laga god sti. Det er ein spanande tur. Foredraget før turen blir halde av ein arkeolg som har særs godt kjennskap til røysa. Vi har fått laga ein kopi/replika av dolken som var funne i røysa i 1882. Den skal publikum få sjå og kjenne på. Dette, og å sjå borna i aktivitet i bronsealderdraktar ute ved røysa, og alt det andre som skal foregå der, gjer dette programmet til ein verkeleg oppleving!Så litt meir om Huglo og prosjektet: Huglo er ei lita øy i Stord kommune, med ferjesamband til Stord og Tysnes. Dette er eit stort prosjekt på ei lita øy med knapt 90 innbyggjarar. i prosjektet har vi så langt brukt 200 dugnadstimar, og det blir mange fleire før september. Vi har samarbeida med arkeolog frå Hordaland fylkeskommune. Mange har delteke på dugnad, både “huglarar” og feriefolk. Stord sogelag er veldig interessert, og dei vil gjerne støtte oss økonomisk med avisomtale og annonsar. Skulen har vore med og rydda, og skuleungane skal vere med på dagen 11.09. Huglo bondelag vil koka kaffi ute ved røysa. Huglo bygdekvinnelag vil laga og severe mat. Huglo ungdomslag vil laga til kokegrop. Huglo skulekorps v/Janne Eikeland vil spele fanfare. Leiaren i Huglo bygdalag vil avduke infotavla. Huglo idrettslag har lagt ein turorienteringspost i området og bokstaveleg talt sett staden på kartet.Omnshuset er ei fin ramme om eit slikt program. Det er eit museum fullt av nyare kulturskattar; støypejernsomnar frå ca 1840 – 1940. (Sjå bilete og tekst derfrå på Huglo.no under kulturopplevingar) Vatn til saft og kaffi blir bore ut i holk – den vanlege måten å bere heim mjølk på i gamle dagar då dei mjølka på “stølen” dvs. ute i marka. Arrangementet – kaffi og mat – alt er gratis!! Kontaktperson: Eline Bergaas Bruntveit |
|||
Program | Dato: | Tidspunkt: | |
F – 3.1 | Bronsealdergravrøysa på Huglo – eit 3000 år gamalt spor i landskapet. 1. Start i omnshuset (på Nordhuglo ) Velkomen og informasjon om prosjektet og programmet. 2. Foredrag av arkeolog Bård Gram Økland og presentasjon av dolken frå røysa. 3. Kulturvandring på ny og tilrettelagd sti (ca 30 min.)til bronsealdergravrøysa. 4. Åpning m/snorklipping og fanfare. 5. Avduking av infotavle. 6. Møte med skuleborna i bronsealderklede opptekne med aktivitetar. 7. Orientering om røysa. 8. Demonstrasjon og smaksprøvar av mat tillaga i kokegrop. 9. Servering av kaffi, saft og mat.Sted: Omnshuset på Nordhuglo |