Eig du eit sildagarn, er det no det skal i sjøen! Dei siste dagane har fangsten variert mellom 16 og 45 sild (og i tillegg makrell, for dei som likar dei feite). Skal røykesilda komme i speke før gauken galer, må du starta no. Og så må du ikkje henge silda på snor ein plass der mink/mår trur at kveldsmaten er servert! Det har ein god sildarøyker gjort før, då vart 50 sild til 3 før han var i speke.