Laurdagen arrangerte Huglabutikken AS bruktmarked på ferjekaia på Nordhuglo. Utroleg kor mykje ting og saker folk har i skap og skuffar, som dei sjølv ikkje har bruk for! Prisane sa at her gjalt det ikkje så mykje å tena penger som å ha det moro. Han som tilbaud bondeantikvitetar til ein billeg penge, solte nok best, men avsetnaden var nok større enn førre året totalt. Mykje krims og krams, som det skal vera på eit slikt market, einskilde godbitar innimellom, sol og faktisk varme i lufta, mykje blide folk og stor omsetnad av is fra butikken. Ein strålande dag!
Bileta er frå starten av markedet, det minka på vareutvalet etter kvart. Men sykkelen fann ingen kjøper!