1. Hvor lenge har du bodd på øya? – Eg kom til Huglo da eg var 3 uker gamal, og sidan har eg bodd her. Bortsett frå dei gangane som eg har gått på skule, i sylære og husmorskolen. 2. Kva har du jobba med? – Eg sydde klede og strikka til folket på øya, og til nokon som budde utanom øya. 3. Har du hatt ein hobby? – Handarbeide, brodering av dukar og mykje anna. Eg har likt å fotografera og har teke ein del bilete (eg får sjå flotte bilete som er på veggen i stova. Elles er Marta ofte å sjå ute i sin velstelte hage, der ho plantar og ryddar). 4. Har du ein episode du hugser godt? – Kan hugse at det under krigen var vanskeleg å få tak i mat og klede. I Laukhamar hadde dei gjøymt ein mann i ei hole. Mannen min var borte på byggearbeide i distriktet. Då var det litt ekkelt å sitja heime, visste aldri når tyskarane kom. Ein dag kom dei og ville sjå papir og identitetskort hos meg! Men då spurde eg med eit smil om dei hadde papir på seg? Vågalt gjort, men det gjekk bra. 5. Du likar å lese? Kva les du helst? – Eg likar å lesa, men det vert ikkje så mykje. Det vert helst litt aviser og vekeblad. 6. Når får vi bru eller tunell til øya? – Eg har ikkje bil, så det er det same for meg! 7. Kva er favorittmaten din? – Likar i grunnen all mat, men er ikkje så glad i sild. Fleskasos var godt då vi var ungar. 8. Har du vore på Varden? – Ja, det har eg, har til og med hatt med meg ein amerikanar opp dit, ein onkel av mannen min, Kåre. Har vore der fleire gongar! Ei tid gjekk me ofte over fjellet til Haukanes og Brandvikjo. 9. Har du ein plass du kunne tenkt deg og reist? – Eg har i grunnen ikkje likt å reise så mykje for eg var plaga av sjøsjuke. Men som Barn var det kjekt å vera med mamma til Bergen. Om sumrane reiste eg og Kåre på biltur både til Sør- og Austlandet. Ein gong reiste me på biltur til Trondheim. Då hadde me med oss telt. 10. Framtidstankar for Huglo? – Det er kjekt om me for behalda butikken! Takk for praten, Marta
Del dette innlegget