1. Kor lenge har du bodd på Huglo?
– Eg kom hit til øyo i 1956 og har budd her sida då. Kom frå ein stad som heiter Kviste i Nordhordland. I 1970 flytta me inn i nytt hus på Sørhuglo.
2. Kva har du jobba med?
– Eg har jobba på Sortland Møbelfabrikk i alle desse åra, heilt til eg gjekk av med pensjon.
3. Har du, eller har du hatt ein hobby?
– Eg har likt å fotografera og eg likar å fiske. Elles har det vore arbeid med hus og hage.
4. Har du ei episode / historie du hugsar godt?
– Ja, eg minnest eg sto inne i fyrromet på frabrikken då heile grunnen rista under beina mine – det må ha vore tidleg på 80-talet. Det var eit kraftig jordskjelv som ramma Vestlandet! Og så hugsar er godt då det starta å ryka av joggeskorne mine då eg arbeidde nede på fabrikken. Det blei så varmt på beina at eg måtte kasta skorne av meg! Ei olja som vart nytta til møblene og som utvekla varme når den kom i kontakt med tøy, stoff eller filler hadde drope ned på skorne mine!
5. Likar du og lesa?
– Eg har vore glad i å lesa, men det har vorte minder med åra. Eg likar å lesa reiseskildringar, romaner og naturvetskapleg stoff. Elles les eg Bibelen og aviser.
6. Når får me bru eller tunnell til øyo?
– Det bør vera bru til Huglo innan 10 år.
7. Kva er favorittmaten din?
– Eg likar fisk veldig godt! Klippfisk med kålstuing og flesk må vel vera favorittmaten min.
8. Har du vore på Varden og kor høg er den?
– Ja, mange gonger. Dei seier den er 217 meter – eller var det ikkje det?
9. Har du en plass du kunne tenkt deg å reisa til?
– Det er jo mange plassar i Afrika eg kunne tenkt meg å reisa til. Har vore i Namibia og Sør-Afrika og kunne óg tenkt meg ein tur dit. Elles hadde det vore kjekt med ein tur til Østersjø-landa, Polen, Litauen, Latvia, Estland og gjennom Russland til Finland.
10. Framtidstankar for Huglo?
– Eg håper at innbyggjertalet aukar så vi får eit levande samfunn på øyo.
Takk for praten, Olav!